Me leverer kunnskap om fortida.

Jubileum

Noko å feire? Me skriv historia til din organisasjon, institusjon eller bedrift. Formidla gjennom jubileumsbok, hefte/brosjyre, nettutstilling eller tidslinje.

Kulturminner

Me skriv kulturminnerapportar og rivedokumentasjon for utbyggarar og arealplanleggarar i Bergen og omegn, i samband med detalj-regulering/byggeprosjekt.

Redaktørtenester

Me tek på oss oppdrag som eksterne manus- og bilderedaktørar, og sørger for prosessen frå ferdig tekst via design og layout til trykt publikasjon.

Kjelde- og arkivarbeid

Me hentar inn informasjon til prosjektet ditt. Me kan også hjelpe din organisasjon/institusjon/bedrift til å ta vare på historisk kjeldemateriale.

Tekstutvikling

Me leverer tekstar til brosjyrar, nettstadar, rapportar, manus og artiklar på bokmål, nynorsk, engelsk og spansk.

Utstillingar

Me lagar historiske utstillingar på oppdrag – både materielle og internettbaserte løysingar.

Dokumentarfilm

Me skriv manus, finn det historiske underlaget og gjer film- og biletresearch for dokumentarfilm.

Museumsfilm

Me finn det særeigne i film- og biletsamlingar, og fortel fortida verknadsfullt i film tilpassa museumsutstillingar.

Utvalde prosjekt

Våre kundar

Om oss

Historikarverksemda er ei kunnskapsbedrift. Me hentar fram og formidlar historia til bedrifter, institusjonar og organisasjonar – gjerne på nytt og utradisjonelt vis. Som faghistorikarar har me eit friskt blikk på eigen kompetanse og korleis me brukar den. Sluttprodukta våre er alt frå tradisjonelle publikasjonar som bøker, brosjyrar, rapportar og fysiske utstillingar, til nye format som nettstadar, nettbaserte utstillingar eller kampanjar på sosiale media. Me tilbyr også kulturminnerådgiving, redaktørtenester og tekstutvikling. Med to faste tilsette og fleire eksterne medarbeidarar er me eit veksande fagmiljø med stadig breiare kompetanse.
Silje Een de Amoriza

Silje Een de Amoriza

Historikar | Prosjektleiar
silje@historikarverksemda.no
+47 930 92 524
Håvard Klyve Parr

Håvard Klyve Parr

Historikar | Dagleg leiar
haavard@historikarverksemda.no
+47 971 14 202
Øystein Hellesøe Brekke

Øystein Hellesøe Brekke

Historikar | Prosjektmedarbeidar
post@historikarverksemda.no
+47 900 64 290