Select Page

Vintagestrikk

Kulturhistorisk strikkebok

Vintagestrikk. Strikkeoppskrifter for smarte klær til alle og enhver, 1935–1955 er ei kulturhistorisk strikkebok som tek lesaren med på ei strikkehistorisk tidsreise tilbake til ei tid då strikking for alvor blei tatt opp i motebildet gjennom populærkulturen. Visjonen bak prosjektet var å løfte fram ein gløymt periode i norsk strikkehistorie, og å vise norske strikkarar at det er mykje å hente inspirasjon frå i bestemor si strikkekorg anna enn tradisjonsmønstre og lusekufter. Illustrert med forteljande kunstfotografi og utstyrt med ei påkosta innpakning utfordra boka det polerte uttrykket som dominerte strikkebok-sjangeren. Historikarverksemda sto bak ideen, leia prosjektet og leverte alt innhald til boka som blei gitt ut på Spartacus forlag hausten 2013, og kom i nytt opplag i 2015.

Vintagestrikk
Strikkeoppskrifter for smarte klær til alle og enhver
1935–1955 (2013/2015)

Tekst: Silje Een de Amoriza og Ingrid Myrstad, Historikarverksemda
Sats og trykk: Øystein Vidnes / Spartacus forlag
Foto på denne sida © Historikarverksemda