Select Page

KODE

Redaktøroppdrag

Me fekk oppdraget som ekstern produksjons- og bilderedaktør for katalogen til utstillinga «Edvard Munch. I oss er verdener» tilgjengeleg på KODE 2 i perioden 6. september 2019–19. januar 2020. Utstillinga viser nær hundre maleri og grafiske verk, og utlån frå Munchmuseet, Nasjonalmuseet og Gundersen Collection supplerer verk frå KODE si eiga samling. Som produksjonsredaktør hadde me ansvar for å halde framgangen i prosjektet, og for koordineringa av dei ulike arbeidsprosessane. Me kvalitetssikra manus, og organiserte omsetting til engelsk og språkvask. Me klargjorde manus til sats og utførte satskorrektur i samarbeid med designar, forfattarar og oppdragsgjevar. Som bilderedaktørar hadde me ansvar for å hente inn bilde og illustrasjonar i trykkekvalitet, og for avklaring av rettigheiter.

Trykk her for å sjå andre redaktøroppdrag.

Utstillingskatalog Edvard Munch. I oss er verdener.

Prosjektansvarleg: Ingrid Myrstad, Historikarverksemda
Foto på denne sida © Historikarverksemda