Askøy videregående
Jubileumsbok
I samanheng med Askøy videregående skole sitt femtiårsjubileum i 2015 fekk Historikarverksemda i oppdrag å skrive skulen si historie i bokform. Jubileumsboka Askøy videregående skole. 50 år i askøy-ungdommens tjeneste blei lansert under jubileumsmarkeringa i september som gåvebok til dei tilsette og andre støttespelarar. Boka er rikt illustrert og dokumenterer skulen si utvikling sett i samanheng med lokalsamfunnet og den nasjonale skulepolitikken si historie. Det første kapitlet, «Over fjorden etter kunnskap», handlar om opptakten til og bakgrunnen for etableringa i 1965, medan dei fire påfølgande kapitla tar for seg skulen si utvikling kronologisk. Boka blei bestilt av Askøy videregående skole. Historikarverksemda leverte alt innhald og hadde i tillegg ansvar for produksjonsprosessen – den språklege og layoutmessige kvalitetssikringa – i samarbeid med Kapabel forlag.