Select Page

Sjømannskirken

Tidslinje på nett

Historikarverksemda utvikla og leverte innhald til ei omfattande nettløysing som løfter fram Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet sin lange historie. Nettstaden blei lansert sommaren 2014, i samband med organisasjonens 150-årsjubileum, og formidlar korleis Sjømannskirkens unike kompetanse er eit resultat av 150 års erfaring. Ei tidslinje av utvalde hendingar og enkelthistorier fungerer som inngangsport til større tema og sentrale utviklingstrekk i organisasjonens historie. I dei ulike tidslinjepunkta finn ein artiklar, fotografi, videosnuttar og historiske dokument frå Sjømannskirkens arkiv. Parallelt til tidslinja finst eit verdskart som er inngangsport til historia om kvar enkelt av dei over hundre sjømannskyrkjene organisasjonen har hatt. Historikarverksemda utvikla konseptet og leverte alt innhald. Strukturen blei utarbeidd i samarbeid med designbyrået Redink og kommunikasjonsavdelinga i Sjømannskirken, som også konstruerte og publiserte nettstaden.