Select Page

KODE

Redaktøroppdrag

Me fekk oppdraget som ekstern produksjons- og bilderedaktør for katalogen til utstillinga «KREFTER – Dyrdal Kvasbø Tingleff» som blei vist på KODE i perioden 10. mai–15. september 2019. Som produksjonsredaktør hadde me ansvar for å halde framgangen i prosjektet, og for koordineringa av dei ulike arbeidsprosessane. Me kvalitetssikra manus, og organiserte omsetting til engelsk og språkvask. Me klargjorde manus til sats og utførte satskorrektur i samarbeid med designar, forfattarar og oppdragsgjevar. Som bilderedaktørar hadde me ansvar for å hente inn bilde og illustrasjonar i trykkekvalitet, og for avklaring av rettigheiter.

Trykk her for å sjå andre redaktøroppdrag.

Utstillingskatalog KREFTER – Dyrdal Kvasbø Tingleff

Prosjektansvarleg: Ingrid Myrstad, Historikarverksemda
Foto på denne sida © Historikarverksemda