Select Page

Kulturminnerapport

Bonava Norge AS

Historikarverksemda laga i 2019 riverapport i samband med søknad om riving av tre eldre industribygg: Breiviksveien 42 (gnr. 168/bnr. 1125), Breiviksveien 44 (gnr. 168/bnr. 1126) og Fagernes 8/Ellerhusensvei 2 (gnr. 168/bnr. 1127) i Bergen kommune. Dei tre bygga ligg i Breiviken, avgrensa av vegane Fagernes i vest og Breiviksveien i aust. I sør og nord finn ein andre nærings- og industribygg. 

Rapporten blei laga på oppdrag frå Bonava Norge AS, og TAG Arkitekter AS var konsulentar. Føremålet var å bygge nye bustadar/kontor på eigedommen ihht. vedtatt reguleringsplan.

Me laga ein utvida rivingsrapport som inneheld detaljert bygningshistorikk, bygningsskildring, samt kart- og fotodokumentasjon for dei tre bygga. 

Trykk her hvis du vil sjå fleire referansar på kulturminne- og rivedokumentasjon.

 

Kulturminnerapport (2019)

Konsulent: Silje Een de Amoriza, Historikarverksemda
Oppdragsgjevar: Bonava Norge AS
Foto på denne sida © Historikarverksemda SA