Select Page

Kulturminnerapport

Solheim administrasjon AS

I september 2020 utarbeidde me rivedokumentasjon i i samband med prosjekt i Ture Nermans vei 7 gnr. 22 / bnr. 177 m. fl. i Bergen kommune, på oppdrag frå Soltveit administrasjon AS. Plankonsulentar var Ard arealplan AS og En-til-en arkitekter AS. Ture Nermans vei 7 ligg i Fyllingsdalen. Adressa husar eit  næringslokale som opphavleg var del av Smiberget borettslag bygd i 1960-åra. Næringsbygget var det aller første handelshuset/shoppingsenteret i Fyllingsdalen, og her kunne ein handle både ferskvarer som kjøt og fisk, i tillegg til å gå i banken eller til frisøren. Saman med burettslaget fortel det historia om utviklinga av Fyllingsdalen frå jordbruksområde til drabantby.

Næringsbygget skal no rivast. Som del av planprosessen måtte tiltakshaver levere rivedokumentasjon til Byantikvaren i Bergen, og Historikarverksemda fekk oppdraget med å utarbeide denne. Mellom anna skildra me bygnings- og områdehistorikk, og dagens tilstand på bygget.

Trykk her om du vil sjå fleire referansar på kulturminne- og rivedokumentasjon.

 

Kulturminnerapport (2019)

Konsulent: Silje Een de Amoriza, Historikarverksemda
Oppdragsgjevar: Solheim administrasjon AS
Foto på denne sida © Ubb billedsamlingen (forsidebilde) og Historikarverksemda