Select Page

Spartacus forlag

Redaktørarbeid

I perioden 2012–2014 arbeidde Historikarverksemda på oppdrag for Spartacus forlag og deira imprint Scandinavian Academic Press. Me fungerte som eksterne redaktørar og fagkonsulentar for populærvitskapleg sakprosa innan historie, samfunnsdebatt, dokumentar, i tillegg til fleire akademiske utgjevingar. Som redaktørar arbeidde me tett med forfattarane, frå første manusutkast til ferdig bok. For nokre bøker hadde me også ansvar for bilderedaksjon – med innhenting og innkjøp av fotografi og illustrasjonar, sikring av opphavsrett og trykkekvalitet. Etter at ferdig manus var levert av forfattar utførte me teknisk og språkleg kvalitetssikring før manus gjekk til trykk. Dette kunne også inkludere utarbeiding av register og grundig sjekk av referansar, kjelde- og litteraturlister. I denne fasen organiserte me og samarbeidde med språkvaskar, korrekturlesar og designar.

Foto på denne sida © Spartacus forlag