KODE
Redaktøroppdrag
Me fekk oppdraget som ekstern produksjons- og bilderedaktør for katalogen til utstillinga «Thomas Pihl – Sight Specific» tilgjengeleg på KODE 2 i perioden 22. januar 2021–05. mai 2021. Dette er den første store retrospektive utstillinga til Thomas Pihl – ein av landets største kunstnarar. Katalogen til utstillinga er ein større publikasjon – tilgjengeleg både på norsk og engelsk. Som produksjonsredaktør hadde me ansvar for å halde framgangen i prosjektet, og for koordineringa av dei ulike arbeidsprosessane mellom kunstnar, kurator, forfattarar, fotografar og designer. Me kvalitetssikra manus, og organiserte omsetting av tekstar til engelsk/norsk og språkvask. Me klargjorde manus til sats og utførte satskorrektur i samarbeid med designar, forfattarar og oppdragsgjevar. Som bilderedaktørar hadde me ansvar for å hente inn bilde og illustrasjonar i trykkekvalitet, og for avklaring av rettigheiter.