Select Page

Universitetet i Bergen

Forskingsrapport

Historikarverksemda leverte hausten 2010 forskingsrapporten «Between Academic Research and Remembrance Literature. A Critical Survey of Literature Concerning Norwegian–Chinese Relations, 1890–1937» på oppdrag frå Universitetet i Bergen. Det var i samband med oppstarten av forskingsprosjektet Merchants and Missionaries. Norwegian encounters with China in a transnational perspective, 1890–1937 at Historikarverksemda kartla all litteratur som omhandlar norsk-kinesiske relasjonar i eit historisk perspektiv. Arbeidet blei samanfatta i ein 24-sider lang akademisk rapport. Oppdraget var del av prosjektet Metodologiske tilnærminger til internasjonal idé- og kunnskapsutveksling.