Select Page

Skipsfartseventyret

Fotoforteljing

I 2014 sette Historikarverksemda i gong eit prosjekt som skulle utforske det mangfaldige fotomaterialet bevart frå den norske sjømannsstandens gullalder – hundreåret frå 1875 til 1975. Målet var å løfte fram sjøfolka sitt arbeid på norske lasteskip i utanriksfart gjennom perioden, og gi eit breitt bilde av sjølivet bak mytane. Resultatet blei boka Skipsfartseventyret. En fotografisk fortelling, 1875–1975 som kom ut på Vigmostad & Bjørke hausten 2015. Boka er ei kronologisk framstilling av livet på havet sett gjennom kameralinsa, der lesaren gjennom nær hundre bilde med tilhøyrande bildetekstar får innblikk i sjøfolka sin kvardag i den norske handelsflåten. Prosjektet fekk støtte frå mellom anna Fritt Ord og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

«… ei overraskande god og intelligent forteljing. Gjennom ulike vinklar sig forståinga inn, om korleis livet til desse sjøfolka var. Det eksotiske ved å reise jorda rundt i ei tid då folk knapt bevega seg ut frå bygda, livet i framande hamner, om ikkje å sjå ungar og kone på fleire år, om blodslit i uvær, kjæledyr, forlis, død, fest, fyll, horer, myter og fordommar. Eit eventyr som viser at det går an å leve andre stader, til andre tider, enn i olje-Noreg 2015.

Hans K. Mjelva, Bergens Tidende

For smakebitar frå boka, sjå her.

Skipsfartseventyret
En fotografisk fortelling
1875–1975 (2015)

Tekst: Silje Een de Amoriza og Ingrid Myrstad, Historikarverksemda
Sats og trykk: Øystein Vidnes/Vigmostad & Bjørke
Foto på denne sida © Historikarverksemda