Select Page

Sibelco

Jubileumsbok

I 2023 var det 75 år sidan statsbedrifta A/S Olivin vart oppretta, og me var så heldige å få oppdraget med å skrive jubileumshistoria til denne hjørnesteinsbedrifta i Vanylven kommune på Sunnmøre. Forfattar av boka er dagleg leiar i Historikarverksemda Håvard Klyve Parr, og den er formgitt av prosjektleiar Silje Een de Amoriza. John Grieg Forlag stod for trykk. Det er eit privilegie for oss å få vera profesjonelt nyfikne – å få dykke inn i historia gjennom intervju og kjeldemateriale. Og det har vore svært lærerikt å forsøke å forstå og skildre korleis det som skjer på Åheim er knytt saman med det som skjer ute i verda.

I tiår etter tiår dreiv A/S Olivin årleg inn store overskot direkte til statskassen. Etter ein høglytt og opprivande salsprosess, vart stasbedrifta privatisert og i dag kjenner vi henne som Sibelco Åheim. Framleis er det ei svært viktig hjørnesteinsbedrift i Vanylven, og framleis driv den etter det grøne gullet med store overskot. Denne transformasjonen av bedrifta er noko av det me forsøker å skildre og forstå i boka.

Den grøne olivinsteinen vart først ettertrakta som edelstein. Seinare vart førekomsten framme i Dalane mellom anna nytta som formsand og i produksjon av eldfast stein. Verkeleg fart i uttaket vart det då olivinen fekk innpass som slaggdannar i stålindustrien på 70-talet. No kan vi nærme oss slutten på den epoken, men i horisonten er det nye mogelegheiter. Olivin er allereie mykje nytta til reinsing i industrien, og eigenskapane mineralet har kan gjere olivinen til ein del av løysinga på klimakrisen.

Sibelco
 Bygd på stein (2023)

Tekst: Håvard Klyve Parr, Historikarverksemda
Design og layout: Silje Een de Amoriza, Historikarverksemda

Trykk: John Grieg Forlag
Foto på denne sida © Historikarverksemda