Select Page

Kulturminnerapport

Høyegården AS

Historikarverksemda utarbeidde i 2019 kulturminnedokumentasjon for Høyegården (gnr. 158, bnr. 797 m.fl.), på oppdrag frå Høyegården AS i samarbeid med Ard arealplan AS og En til en arkitekter AS.

Planområdet ligg på Gyldenpris i Årstad bydel, og her finn ein kulturminnet Høyegården – eit industri- og bustadanlegg frå første halvdel av 1900-talet, delvis teikna av arkitekt Ole Landmark (1885–1970) – og to bustadblokker frå 1980. Høyegården blei bygd av Kristian Høye etappevis frå 1913–1950 og husa Høyes vinfabrikk og laboratorier (den første vinfabrikken i Noreg, og største i Skandinavia) i rundt 40 år. Bygningane er slik eit kulturminne frå ein nokså unik del av norsk industrihistorie – Høye var nokså aleine Noreg om å satse på lokalprodusert vin i stor skala i ein periode då staten hadde eit strengt regelverk for produksjon av alkohol. Men det er også dei arkitektoniske kvalitetane til bygningsmassen som gjer Høyegården til eit bevaringsverdig kulturminne. Anlegget blei gradvis utbygd, tilsynelatande utan ein heilskapleg plan, men utforminga av den speiler ein viktig epoke i lokal og europeisk arkitektur.

Formålet med nyreguleringa er å legge til rette for ei høgare utnyttingsgrad på eigedommen som i dag husar Høyegården – gnr. 158, bnr. 797 – ved å tilrettelegge den eksisterande bygningsmassen til leilegheiter, samt legge til rette for eit nytt leilegheitsbygg sør på tomta. Dei nye tiltaka er tilpassa det eksisterande kulturmiljøet og bygningsmassen skal eksteriørmessig langt på veg bevarast slik den framstår i dag.

Vårt oppdrag var å dokumentere den gamle vinfabrikken som kulturminne, i tillegg til å analysere bygnings- og kulturmiljøet rundt.

Trykk her hvis du vil sjå fleire referansar på kulturminne- og rivedokumentasjon.

 

Kulturminnerapport (2019)

Konsulent: Ingrid Myrstad, Historikarverksemda
Oppdragsgjevar: Høyegården AS
Foto på denne sida © Ard arealplan/En til en arkitekter