Select Page

Kulturminnrapport

Lars Hilles gate eiendom AS

I 2016 fekk me i oppdrag å utarbeide kulturminnedokumentasjon i samband med reguleringsplan for Bergenhus, gnr. 164, bnr. 948 mfl., nedre Nygård, deler av kvartal 16c. Rapporten er laga på oppdrag frå Lars Hilles gate eiendom AS som i samarbeid med Lund & partnere arkitekter og Ard Arealplan har sett i gang detaljregulering av planområdet.

Rapporten skildrar historia til Nedre Nygård og Lars Hilles gate utover 1900-talet, då området blei utvikla til hovudinngangsport til Bergen frå sør. Samferdsla inn til byen gjekk i stor grad her, og det blei difor eit populært område for etablering av ei rekke bilforretningar. Her etablerte mellom anna Auto 23 seg på adresssa Lars Hilles gate 29, i eit nybygg oppført i 1938. Bygningen ligg i planområdet for denne rapporten. Det blei oppført i funksjonalistisk stil, og står i dag oppført i DOCOMOMO (International working party for documentation and conservation of building sites and neighbourhoods of the modern movement) – Noreg si liste over viktig modernistisk arkitektur. Kulturminnerapporten analyserer også bygningsmiljø og kulturmiljø i og rundt planområdet.

Trykk her om du vil sjå fleire referansar på kulturminne- og rivedokumentasjon.

Kulturminnedokumentasjon (2016)

Konsulent: Silje Een de Amoriza, Historikarverksemda
Oppdragsgjevar: Lars Hilles gate eiendom AS
Foto på denne sida © Ubb billedsamlingen / Historikarverksemda