Select Page

Dale of Norway

Utstilling

Hausten 2014 blei Historikarverksemda hyra inn som bidragsytar til eit større historieformidlingsprosjekt for Dale of Norway. Prosjektet «Ei levande historieforteljing» blei utforma som eit heilskapeleg pakketilbod retta mot dei mange turistane som jamleg besøker fabrikklokala. I tillegg til kjøp av Dale of Norway-plagg i fabrikkutsalet inkluderer konseptet servering av lokalmat, ei historisk utstilling og omvising i fabrikklokala. Historikarverksemda leverte innhald til utstillinga, som gjennom tekst, bilde og gjenstandar fortel historia om eit av landets mest særeigne og lengst eksisterande fabrikksamfunn.

Ei levande historieforteljing (2015–d.d.)
Dale of Norway, Dale

Tekst: Historikarverksemda
Design: Kristine Akselberg
Foto på denne sida © Historikarverksemda