Select Page

Kulturminnerapport

Kronheim invest AS

Me utarbeidde i 2019 kulturminnedokumentasjon i samband med detaljregulering for Østre Nordeidbrekka gnr. 37/bnr. 5 i Bergen kommune, på oppdrag frå Kronheim Invest AS og En til en arkitekter. Planområdet låg i Ytrebygda, kor utbyggar ønskte å etablere eit bustadområde på det som ein gong hadde vore eit gamalt småbruk. Som del av planprosessen måtte utbyggar levere kulturminnedokumentasjon til Byantikvaren i Bergen, og Historikarverksemda fekk oppdraget. Me skildra historia i området, og dokumenterte bygings- og kulturmiljø i det som var igjen av eldre gardsbygningar og våningshus.

Trykk her om du vil sjå fleire referansar på kulturminne- og rivedokumentasjon.

 

Kulturminnerapport (2019)

Konsulent: Silje Een de Amoriza, Historikarverksemda
Oppdragsgjevar: Kronheim invest AS
Foto på denne sida © Historikarverksemda