Select Page

Fagbokforlaget

Redaktørarbeid

I 2013 fekk Historikarverksemda i oppdrag av Fagbokforlaget/John Grieg forlag å bidra som bilderedaktørar for Hardanger – ei regionhistorie. Trebindsverket formidlar Hardanger si historie. Bind I fortel om utviklinga frå steinalderen fram mot jordbrukssamfunnet ca. 1750, bind II om moderniseringa av bondesamfunnet fram mot 1900 og bind III om tida etter at storindustri og fruktdyrkning gjorde seg gjeldande etter 1900. Verket er rikt illustrert og i slike store historiske framstillingar er det avgjerande at også bilda blir behandla med eit fagleg og kjeldekritisk blikk. Med erfaring også frå tidlegare bilderedaktørarbeid kunne Historikarverksemda sikre ei effektiv innhenting av bildemateriale frå ulike arkiv og museum, i tråd med lovverk og praksis når det gjeld åndsverk og personvern.

Foto på denne sida © Fagbokforlaget