Select Page

Bergen brannvesen

Jubileumsbok

I samband med Bergen brannvesens 150-årsmarkering i 2013 fekk Historikarverksemda tildelt oppdraget med å skrive etaten si nyare historie. Resultatet blei boka Bergen brannvesen. Med omsorg og innsatsvilje i 150 år, ei rikt illustrert framstilling med fokus på perioden frå 1989. Boka blei lansert under jubileet, først og fremst som ei gåve til dei tilsette i etaten, men den blei også lagt ut for sal i lokale bokbutikkar. Gjennom ei tematisk tilnærming tek boka i hovudsak for seg utviklinga av etaten i 25-årsperioden 1989–2013. Dei lange linjene i brannvesenets historie kjem likevel til uttrykk gjennom ei utstrakt bruk av fotografisk materiale frå heile historia. Samanblandinga av eldre og nyare fotografi, følgt av informative bildetekstar skapar eit bindeledd mellom fjern og nær fortid som reint visuelt formidlar mange av dei viktigaste utviklingstrekka i Bergen brannvesens historie. Historikarverksemda leverte alt innhald til boka på oppdrag frå Bergen brannvesen, og følgde prosessen heilt fram til ferdig produkt i tett samarbeid med John Grieg forlag. I samband med jubileumsmarkeringa leverte Historikarverksemda i tillegg tekst og bilde til ei jubileumsbrosjyre og utforma ei bildeutstilling og ein digital presentasjon.

Trykk her for å sjå fleire jubileums-prosjekt.

Bergen brannvesen
Med omsorg og innsatsvilje i 150 år (2013)

Tekst: Silje Een de Amoriza og Ingrid Myrstad, Historikarverksemda
Sats og trykk: John Grieg forlag
Foto på denne sida © Historikarverksemda