Select Page

Kulturminnerapport

Ladegårdsgaten 64–76 AS

I august 2019 utarbeidde me ein kulturminnedokumentasjon i samband med prosjekt i Ladegårdsgaten gnr. 167 / bnr. 517 i Bergen kommune, på oppdrag frå Ladegårdsgaten 64–76 AS. Plankonsulentar var Ard arealplan AS og Link arkitektur AS. Planområdet ligg sentralt i Sandviken. Ladegårdsgaten 64–76 er ein bygård oppført i 1920–1921 i klassisistisk stilretning. Den blei oppført med Bergen krets av norsk postforbunds byggeselskap som byggherre. Bygården ligg i eit viktig kulturmiljø med store verneverdiar. Bygården har imidlertid fått store setningsskadar, og blei difor planlagd riven.

Som del av planprosessen måtte tiltakshaver levere kulturminne- og rivedokumentasjon til Byantikvaren i Bergen, og Historikarverksemda fekk oppdraget. Me skildra historie og kulturmiljø i området, og dokumenterte bygningshistorikk og gjenverande originale detaljar i bygget.

Trykk her om du vil sjå fleire referansar på kulturminne- og rivedokumentasjon.

 

Kulturminnerapport (2019)

Konsulent: Silje Een de Amoriza, Historikarverksemda
Oppdragsgjevar: Ladegårdsgaten 64–76 AS
Foto på denne sida © Byggesakarkivet (framsidebilde) og Historikarverksemda