Select Page

Kulturminnerapport

Bellevuebakken 9 AS

Historikarverksemda SA utarbeidde i 2020 kulturminnedokumentasjon i samband med detaljregulering for prosjekt i Bellevuebakken 9, gnr. 166 / bnr. 1550 m.fl. i Bergen kommune, på oppdrag frå Bellevuebakken 9 AS. Plankonsulentar for arbeidet var Ard arealplan AS og Grung Arkitektur AS. 

Bellevue blei opphavleg bygd som lyststad på slutten av 1700-talet, men er blitt ombygd ei rekke gonger. Dei siste hundre åra har Bellevue blir nytta som restaurant og selskapslokale. Delar av eigedommen har også vore nytta som bustad helt frem til 1976. Då drifta opphøyrde for nokon år sidan har bygget hatt liten eller ingen aktivitet. Tiltakshavar sin intensjon med planforslaget er derfor no å legge tilrette for leilegheiter.

Dagens kultur- og bygningsmiljø som Bellevuebakken 9 (planområdet) er ein del av, er prega av villabusetnad med frodige hagar. Felles for området er arkitektur og materialer av høg kvalitet. Planområdet ligg hensynssone for kulturmiljø 570. 

Vårt oppdrag var å dokumentere Bellevue som kulturminne, i tillegg til å analysere bygnings- og kulturmiljøet rundt.

Trykk her hvis du vil sjå fleire referansar på kulturminne- og rivedokumentasjon.

 

Kulturminnerapport (2020)

Konsulent: Silje Een de Amoriza, Historikarverksemda
Oppdragsgjevar: Bellevuebakken 9 AS
Foto på denne sida © Historikarverksemda