Select Page

Kulturminnedokumentasjon

Historikarverksemda dokumenterer kulturmiljø og kulturminneverdiar for utbyggarar, arealplanleggarar og arkitektar i samband med plan- og reguleringssaker. Hovudparten av arbeidet vårt er i Bergen kommune, men me tar oppdrag i heile Vestland. Sidan 2012 har Historikarverksemda utført kulturminne- og rivedokumentasjon i over 50 prosjekt. Dokumentasjon av historie, bygnings- og kulturmiljø er eit viktig ledd i plan- og reguleringsprosessen. I Bergen kommune er det bestemt at byutvikling og arealplanlegging skal utførast med omsyn til eksisterande kultur- og bygningsmiljø, og det blir stilt krav om dokumentasjon av kulturminnemiljø i samband med alle private og offentlege plansaker. Skal bygg i eit planområde rivast, blir det stilt krav om rivedokumentasjon i tillegg. Kulturminnerapport og rivedokumentasjon blir del av den endelege reguleringsplanen, og har to funksjonar. For det første gir ein slik rapport viktig kunnskap om eit gitt kulturmiljø for ettertida, før eit nytt byggeprosjekt blir igangsatt. For det andre dannar rapporten eit viktig vurderingsgrunnlag for Byantikvaren i Bergen i den vidare prosessen.

Historikarverksemda kan delta gjennom heile planprosessen. I tillegg til å utforme kulturminne- og rivedokumentasjon, kan me også karlegge kultur- og bygningsmiljø allereie så tidleg som i stedsanalysen. Me kan også bidra som rådgjevar i samband med veilledningsmøter / oppstartsmøter / arbeidsmøter.

 

Treng du hjelp med ditt prosjekt?

​Kontakt:
silje@historikarverksemda.no
+47 930 92 524

Referanseprosjekt