Select Page

Kulturminnerapport

En til en arkitekter AS

Historikarverksemda SA har utarbeidd kulturminnedokumentasjon i samband med utarbeiding av reguleringsplan for Fana, gnr. 15, bnr. 570 m.fl. Gamlehaugvegen 22. Rapporten er laga på oppdrag frå En til en arkitekter AS.

Planområdet på omtrent 2,3 daa er sentralt plassert ved Fjøsangerkrysset og består hovudsakleg av eigedommen gnr. 15, bnr. 570 i Fjøsangerbukten heilt nord i Nordåsvatnet i Fana bydel. Planområdet er avgrensa av motorvegen E39 Fritz C. Riebers veg i aust, eit større naustanlegg frå 2004 med brygge i nord og Nordåsvatnet i vest. I sør er ein del av hageanlegget til nabotomta Gamlehaugvegen 20 (gnr. 15, bnr. 13) tatt med i planen for å legge til rett for rydding, synleggjering og bevaring, og i aust er deler av åtkomstvegen Gamlehaugvegen tatt med. Innanfor planområdet står det eit naust/sjøhus med adresse Gamlehaugvegen 22 som blei sett opp mellom 1910 og 1929. Naustet blei flytta nokre meter mot vest rundt 1990 i samband med ei større utfylling i Fjøsangerbukta då Fritz C. Riebers veg blei anlagt. Formålet med planen er å legge til rette for nytt kontorbygg for eiga verksemd. Planforslaget inneber at naustet blir fjerna.

Som del av planprosessen måtte tiltakshaver levere kulturminne- og rivedokumentasjon, og Historikarverksemda fekk oppdraget. Me skildra historie og kulturmiljø i området, og dokumenterte bygningshistorikk.

Trykk her hvis du vil sjå fleire referansar på kulturminne- og rivedokumentasjon.

 

Kulturminnerapport (2018)

Konsulent: Ingrid Myrstad, Historikarverksemda
Oppdragsgjevar: En til en arkitekter AS
Foto på denne sida © Historikarverksemda SA