Select Page

Kulturminnerapport

Brennhaugen Utvikling AS

Historikarverksemda SA har utarbeidd kulturminne- og rivedokumentasjon i samband med detaljregulering for Brennhaugen vest/Stavkirkeveien 11b i Bergen kommune, på oppdrag frå Brennhaugen Utvikling AS. Plankonsulentar var Ard Arealplan AS og En til en arkitekter AS.

Planområdet utgjorde Stavkirkeveien 11B (gnr. 13, bnr. 644) i Fana bydel. Området ligg omlag 600 meter nord for Paradiskrysset og ca. 300 meter sør for Storetveitmarken. Føremålet var å regulere frå spreidd bustadbusetjing til fortetting, ved å legge til rette for utbygging av inntil 10–14 bueiningar i blokkbusetnad på 3–5 etasjar fordelt på to einingar. Einebustaden i planområdet var planlagd riven for å kunne gjennomføre prosjektet. 

Planområdet er ein del av eit område prega av eldre arkitektteikna villaer i opne grøne omgivnadar. Mykje av busetnaden i området er rekna for å halde høg arkitektonisk kvalitet, og då særleg når det gjeld ein god tilpassing mellom landskap, terreng, hageanlegg og bygg. Bygningane i området er i hovudsak oppført etter etableringa av Storetveitvegen i 1927. Nokon i 1930-åra, men dei aller fleste i 1950-åra. Her er også nokre nyare innslag. Mange av bustadane er teikna av kjente Bergensarkitektar i mellomkrigstida og kan plasserast under «bergensskolen» – ein haldning til arkitekturen og byggeoppgåva som blei dominerande blant ei rekke arkitektar i Bergen i perioden. Dei søkte syntese av funksjonalistiske og tradisjonelle prinsipp, og ein vidareføring av byggetradisjonane på Vestlandet.

Som del av planprosessen måtte tiltakshaver levere kulturminne- og rivedokumentasjon, og Historikarverksemda fekk oppdraget. Me skildra historie og kulturmiljø i området, og dokumenterte bygningshistorikk.

Trykk her hvis du vil sjå fleire referansar på kulturminne- og rivedokumentasjon.

 

Kulturminnerapport (2020)

Konsulent: Silje Een de Amoriza, Historikarverksemda
Oppdragsgjevar: Brennhaugen Utvikling AS
Foto på denne sida © Historikarverksemda SA