Select Page

Kjelde- og arkivarbeid

Treng du nokon til å gjere research-arbeid til ditt prosjekt? Me leitar fram materiale i dei rette arkiva, og finn fram til dei rette folka.

Eller har di bedrift/organisasjon kanskje kjellar, loft og kontorlokaler fulle av gamle papir og bilder som eigentleg høyrer heime i eit historisk arkiv? Null stress! Me går gjennom og lagar oversikt over kjeldematerialet ditt, og sørger for overlevering til sikker oppbevaring i arkiv. Å få orden på arkivmateriale bidreg til ei bevisstgjering av bedrifta/organisasjonen si eiga historie. Å kjenne eiga historie kan vera viktig når ein skal ta framtidige val. Eit velorganisert historisk materiale kan også nyttast effektiv i marknadsføring, og danne eit solid grunnlag for skriving av f. eks. ei jubileumsbok.

I Historikarverksemda arbeider me også gjennom ulike prosjekt mykje med kjeldemateriale som omhandlar eigedom. Dette kan vera kjeldemateriale som utskiftingsforretningar, matriklar, målebrev, pantebøker og branntakster. Slikt kjeldemateriale nyttar me til utarbeiding i kulturminnerapportar i samband med plan- og reguleringssaker, men også til å undersøke eldre eigedomsgrenser. Mellom anna kan me bidra til å leite fram kjeldemateriale i eigedomssaker/grensesaker som skal opp for jordskifteretten. Då kan me hente inn alt av kjeldemateriale for ein eller fleire eigedommar, og hjelpe til med å tolke innhaldet av desse.

 

 

Kan me hjelpe deg med kjelde- og arkivarbeid?

​Kontakt:
haavard@historikarverksemda.no
+47 971 14 202

Referanseprosjekt